Fjellrev

Fjellreven er den minste av dei to reveartane som lever villt i Norge. Fullvoksen er den 45-67 cm lang, i tillegg til ein hale på rundt 30 cm. Vekta kan variere mellom 2,4 til 8,0 kg. Reven er "spesialdesigna" for å klare seg i eit ekstremt kaldt klima. I forhold til størrelsen er fjellrevens pels tjukkare enn noko anna arktisk dyr. Isolasjonsevna i pelsen er den beste som er blitt målt blant noko anna pattedyr! Om sommeren er den brun på ryggen og beina, og beige på strupe og buk. Om vinteren er reven heilt kvit.

Fjellreven (også kjend som polarrev) har sitt habitat i heile det nordlege polarområdet. I dei sørlege områda held han seg hovudsakleg i fjella, der han lever av stort sett det meste spiselege han kjem over, deriblant kadaver, smågnagere, fisk, bær og liknande.

I fastlands-Norge er bestanden gått veldig tilbake i moderne tid, den største gruppa finn ein på Børgefjell med i underkant av tretti dyr. Arten er på den norske raudlista rekna som kritisk truga. Grunnen til dette er fleire. Den fantastiske pelsen har vore svært ettertrakta, og mellom 1880 og 1910 vart det fanga omlag to tusen fjellrev kvart år. Arten vart freda i 1930, men då var bestanden allereie så låg at dei forskjellige gruppene ikkje klarte å halde kontakten med kvarandre lenger. Dette har i ein viss grad ført til innavl, og arten har ikkje klart å ta seg opp i antall. Fjellreven har óg fått auka konkurranse med rødreven, som har teke seg opp i antall og trekt høgare opp i fjellet.

Se flere artikler om temaet biologi:

Forrige
Forrige

Hvorfor er blåmerker blå?

Neste
Neste

Hvorfor ser vi i 3D?