Etnefjella er kjent over heile landet som eit flott turområde. Turistforeningen har eit rutenett med flotte hytter, nok til at ein kan gå ei veke om ein ønsker det. 
Turen som er omtalt her, starter frå Skromme på Rullestad og ender på Kyrping. Me overnatta på Simlebu og Sandvass, og var ein tur innom Blomstølen for å eta pannekaker. Me tok turen i påska 2002. 
Påska er stort sett ein fantastisk flott tid i fjellet, med mykje snø og relativt lenge lyst. Er sola i tillegg framme, er det berre å finna fram kortbuksa! Siden fjellet er så flott på denne tida, må ein rekne med å treffe andre folk i fjellet, og å dele hyttene med andre. Det måtte me óg på denne turen, men likevel syns rypene at det var stille nok til å ta seg ein kvil på hyttetaket.
Neste morgen var det nok ein dag med strålande solskin. Neste hytte, retning sørvest, er Sandvass. Ein flott tur, omlag tolv kilometer. Turen er lite kupert og stort sett veldig fin å gå, både på ski eller til fots resten av året. 
Det som det dessverre er mindre av, er utsikt. Landskapet er veldig vakkert, men sjølv om ein er mellom 8-900 m.o.h. stort sett heile turen, er ein aldri oppe på eit markert toppunkt. Eit alternativ då, er å legge inn ein liten omveg...
Siden været var så flott, dagen var lang og me hadde alt nødvendig utstyr, bestemte me oss for å legge turen innom ein topp på 1255 m.o.h., omtrent 3 km sør-sørvest for Simlebu. (Toppen er ikkje merka med navn på kartet). Det er fin stigning heile vegen mot toppen. Simlebuhytta ligg omtrent på 780 m.o.h., så stigninga er totalt på litt i underkant av fem hundre meter, og det er det jammen verdt!
På toppen er utsikten absolutt fantastisk. Herfra ser ein Nordsjøen i vest, og den enorme Folgefonna mot nord. Det som gjer gleden ennå større ved å stå på toppen, er gleden ved dei fantastiske utforbakkene som nå venter. 
Frå toppen kan ein renne nesten heile vegen til Vaulo/Vaulavatnet - og då er ein allereie godt over halvvegs til Sandvass. Den enklaste vegen ned, er å renne ned til Steffenvatnet, og følge dette til Svartavatnet og vidare til Driftavatnet. Utløpet her fører deg rett ut på midten av Vaulavatnet (bildet under).
Noko av det aller beste med å vera på tur, er at sjølv den enklaste maten smaker utrulig godt.
For ein fotograf er tiden rett etter sola har gått ned den aller beste. Dette er "den blå timen", og eit diffust, blålig lys får fram utrulige stemninger. Her ser me ned mot Sandvasshyttene. Sola gjekk ned for omtrent eit kvarter sida, og det er allerede begynt å verta kaldt. Ein god og varm hytte er belønning i massevis etter ein lang skitur!
Neste dag er planen å gå til Kyrping. Dette er ein god dagsetappe, der ein først følger ruta til Blomstølen, som er den neste hytta til turistforeningen i løypenettet. Frå Sandvass til Blomstølen brukar ein i underkant av to timar. Me kom oss seint avgårde frå Sandvass, så då me kom fram til Blomstølen var det allerede tid for lunsj. Me bestemte oss for å lage pannekaker på hytta. 

Frå Blomstølen tar ein av mot vest-nordvest oppover fjellsida, og følger deretter ryggen vestover. Stigninga er på rundt 300 meter, opp til rundt 920 m.o.h., deretter er det stort sett nedover heile vegen til Kyrping. Ein passerer sør for Skredkollen. 
Mykje av tida har ein nydeleg utsikt i dei fleste retningar. Når ein er omtrent 400 meter frå Lussneshovda, svinger ein til høgre, og kjem ned til ein traktorveg som ein kan følge ned til Kyrping. Når ein kjem eit stykke ned under skoggrensa må ein nok bære skia, då det sjelden er nok snø til å stå på ski heile vegen ned.
På bildet over ser ein utsikten frå Geitskardnuten. Her ser ein ut mot Skredkollen, som ein passerer på sørsida (nærmast her), og lenger vekke ser ein Håfjellet 937 m.o.h. som ligg på andre sida av E-39. 
Her er sola omtrent ein time frå å synke under horisonten, noko som førte til at me måtte gå den siste timen i mørke. Sjølvsagt var kart, kompass og GPS på plass i sekken, så det var berre ein flott opplevelse for oss å få solnedgangen på snaufjellet. God tur!
Back to Top