O - f a g s p a t r u l j e n . n o

...for alle som syns o-fag var det beste faget på skolen!

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Hovedsiden Friluftsliv Oppskrifter Tilbereding av snegler

Tilbereding av snegler



Har du nokon gang tenkt på at heile norskekysten, som inkludert øyer og fjorder har ein lengde på heile 57 000 kilometer (i følge Havforskingsintituttet), eigentleg er eit gedigent matfat? Og då tenker me ikkje berre på muligheten for å fiske, sette garn og teiner... nei, også i fjøra finn ein mykje som er spiseleg, og veldig godt og sunt. Skikkelig snacks!

Me vil her presentere tilberedingsmåter for albusnegleg og strandsnegler. Albusnegler vert av og til kalla for albuskjell, men det rette navnet er altså albusnegl, då det er ein snegle, og ikkje eit skjell.

Tilbereding av albusnegl:
Det første ein må gjera er å sanke inn ein god porsjon. Det enkleste er sjølvsagt å gjere det når det er fjøre sjø. Ta ein kikk på ein tidevatntabell, til dømes den som ligg hos Meteorologisk institutt. Sneglene slår du laus med ein skarp stein. Etter litt øvelse lærer du deg omtrent kor hardt dei sitter, og du kan slå dei laus med eit enkelt slag uten å knuse skallet.

Me i O-fagspatruljen liker å spise sneglene med ein gang, og det beste er å spise dei varme. Det er fullt mulig å spise dei rå, men då er dei litt seige, så du må tygge litt lenger for å mjuke dei opp og få fram den gode smaken. Fyr opp eit lite bål i strandkanten, og legg ein steinhelle eit stykke over flammene. Etter 5-10 minutters fyring er denne god og varm, og det er bare å legge sneglene rett på,  med bunnen ned. Etter ein liten stund begynner det å boble rundt kanten, og da er det bare å vippe vekk sneglehuset. Sneglen er nå klar til å bli spist! Liker du maten litt sprøere, lar du den steike eit minutt eller to til. Snacks!

Eit "hot" gastronomisk tips for ekstra smak er å legge ein dæsj kvitlauksmør på sneglen før du legger den på hella. Serveres med kvitvin. Prøv dette på ein date, og du er garantert eit langt og lykkelig ekteskap! :)



Det er også mulig å pirke sneglene ut av skallet når dei er rå, og træ dei på ein pinne. Grilles over flammene som du sikkert er vant med å gjera med pølser.


 
Tilbereding av strandsnegl:
Strandsnegl finner du som oftest i hopetall langs kysten. Også her er det lettast å plukke i fjøra. Sneglene er enklast å få ut av huset når ein koker dei. Kok opp ei lita kjele med vatn, og la sneglene koke i 5-10 minutt. Dei er ferdigkokt når enden av sneglen "slipper" skallet.



For å få sneglene ut av skallet etter at dei er kokt, slår du den med eit presist slag mot håndflaten din, slik som på bildet under. Enden av sneglen "sklir" da eit par millimeter ut av huset, og du kan lett trekke den ut med ein kniv, neglene eller ein spiss gjenstand.

 

 

Søk

Avstemming

Hvem er den beste TV-villmarkingen?
 

Lik oss på Facebook:

Facebook Fanbox 1.5.x.0