O - f a g s p a t r u l j e n . n o

...for alle som syns o-fag var det beste faget på skolen!

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Hovedsiden Friluftsliv Fjellturer 24 timer på Preikestolen

24 timer på Preikestolen

Den siste søndagen i juni 2010 var general Mills oppe på Preikestolen utanfor Stavanger for å ta ein timelapse av eit heilt døgn på dette vakre stedet. Resultatet ser du i videoen under:

Stavanger Aftenblad syns videoen var så bra laga, at dei skreiv ein artikkel om det! Den kan du lese her:

- Siste søndag i juni var eg oppe og fotograferte ein timelapse-serie frå klokka 00 til 24, som illustrerer veldig tydeleg mengda besøkjande på «stolen», fortel Espen Mills, prisbelønt frilansfotograf i Stavanger .

Eit speilreflekskamera blei montert på stativ. Frå midnatt til midnatt tok det automatisk bilete kvart 50. sekund av Preikestolen i retning innover Lysefjorden. Sjølve filmen er sett saman av 5000 bilder der det blir vist 24 bilder i sekundet, slik som ein vanleg film. For å få mjuke overgangar er to og to bilder sett saman i Photoshop.

- Dette var ein ide eg fekk då eg gjekk i kø på vegen opp. Me hadde hytte i nærleiken tidlegare og har følgt utviklinga på Preikestolen frå slutten av 1980-talet, då nesten ingen gjekk dit, fortel Mills.

Han sette på kamera ved midnatt og gjekk så og la seg i telt. Fotografen vakna i 7-tida. Då var Preikestolen folketom, sola reflekterte i fjorden og lyset kom lågt frå vest.

- Det var ei fantastisk naturoppleving. Men når det er på det vakraste, er det nesten ingen som er der. Dei første kom i halv åttetida og frå klokka 12-13 var det fullt kjør. Eg var vanvittig heldig med dagen. Då eg slo av kamera etter 24 timar, var det ingen vits å dra ned for å nå Tauferja, så eg overnatta ei natt til. Den natta stod eg opp klokka 4 for ta fleire bilete, men det var skikkeleg keisame lystilhøve, fortel Espen Mills.

 

Søk

Avstemming

Hvem er den beste TV-villmarkingen?
 

Lik oss på Facebook:

Facebook Fanbox 1.5.x.0