O - f a g s p a t r u l j e n . n o

...for alle som syns o-fag var det beste faget på skolen!

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Gamle værteikn



I gode, gamle dager - før regelmessige værmeldingar på radio og fjernsyn - var folk meir avhengige av å kunne spå været sjølv. O-fagspatruljen gjev deg her ein gjennomgang av ein del av desse værteikna.

Fjellvettregel nummer tre seier at ein skal vise respekt for vær og værmelding (om du ikkje kan fjellvettreglane utanatt ennå, kan du repetere dei her). Om ein ikkje har tilgang til oppdatert værmelding, er det praktisk å kjenne til ein del av dei gamle værteikna som har vorte nytta i fleire hundre år her i Norge:

Ein ring rundt månen om kvelden, varsler nedbør og vind neste dag.
Dette fenomenet er lettast å sjå når månen er full, og ein kan også i enkelte tilfeller sjå ein ring rundt sola. Forklaringa er at lyset brytest gjennom eit tynt skylag beståande av iskrystallar. Dette kan vera ytterkanten av eit nedbørsområde, og været vil slå om i løpet av timer eller neste dag.

Om skyene vert veks/vert større, kjem det regn.  Minkar dei kan ein vente tørrvær.
Dette fenomenet er mest typisk om sommeren. Himmelen kan vera klar om morgenen, men etterkvart som sola varmar opp bakken, stig fuktig luft til værs og vert avkjølt - det vert danna skyer. Viss atmosfæren er ustabil vert desse skyane danna i stor høgde, og dei veks til regnskyer. Om skyane derimot byrjar minke i størrelse, tyder det på at atmosfæren er stabilisert, og ein nedsynkande rørsle høgare oppe i atmosfæren får skyane til å løyse seg opp.

Aften raud gjev god natt, men morgon raud gjev drypp på hatt
Forklaringa her er at været i Norge stort sett trekker vestover. For at skyene skal kunne verte farga raude når sola går ned i vest, må den lyse gjennom ein åpning/sprekk i skylaget. Dette skjer då som oftast i utkanten av eit lågtrykk, som vil driva forbi i løpet av dei neste timene. Er derimot skyene raude om morgenen, er det fordi lågtrykket akkurat har kommet inn over landet, og solen lyser dei opp gjennom skylaget heilt i utkanten i aust.

Går sauene høgt i fjellet kan ein vente seg godvær. Trekker dei ned mot skogen, vert det uvær.
Forklaringa er nok her at sauer (og andre dyr) er meir oppmerksomme på endringar i lufttrykk og fuktigheit enn oss. I tillegg merkar ein også endringar i været i høgareliggande strøk før ein gjer det i låglandet.


Flyr svalane lågt, kan ein vente dårleg vær.
Forklaringa her er at svalane jaktar på insekt, som flyg høgt viss det er tørt i lufta, og lågt viss det er fuktig i lufta. Insekta merkar ei slik endring før oss mennesker, særleg i høgare luftlag der endringa kjem først. Det er altså ikkje berre svaler ein kan merke dette på, men fugler og insekt generelt.

Trekk tåka til sjøs, vert det godvær. Trekk den innover landet – regn og uvær.
Forklaringa her er enkel og logisk: Tåka følger vinden. Vestavind bringer som oftast med seg dårlegare vær, medan austavinden er tørr og bringer godvær.

Går sola ned i sekk, er neste dag vekk
Samme forklaring som over. Sola går ned i vest, og ser ein skyer i vest om kvelden, er dei over oss neste dag.

Kjelder: Jan Arve Gjøvik: Naturbruk og Friluftsliv /  Meteorologisk institutt

Kom gjerne med kommentarar eller fleire værteikn. Kommentarfeltet er åpent for alle!

 

Søk

Avstemming

Hvem er den beste TV-villmarkingen?
 

Lik oss på Facebook:

Facebook Fanbox 1.5.x.0