O - f a g s p a t r u l j e n . n o

...for alle som syns o-fag var det beste faget på skolen!

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Hovedsiden

Topptur til Snønuten, Suldal

Våren er for alvor i anmarsj, og med den kjem lengre, lysare og varmare dagar – perfekt for toppturar med ski på beina. Turen går denne gangen til Snønuten. Om ein kjem vestfrå på RV 13, svingar ein ned til Nesflaten, og vidare til Indra Vetrhus. Her kan ein setje bilen, og velje om ein vil ta skia fatt opp anleggsvegen, eller gå 300 meter tilbake og følgje stien mot Mostølen. Det raskaste er å følgje vegen, og ta ein ”fartsetappe” over Mosvatnet. Stien, som går eit stykke nord for Mosvatnet og ender opp ved Mostølen, er derimot den mest naturskjønne.



Utsyn mot Mosvatnet, frå aust.

Frå enden av Mosvatnet svingar me opp i lia, gjennom bjørkeskogen. Sannsynlegvis kan du her følgje allereie eksisterande spor, som du kan følgje gjennom Kyrkjesteindalen. Frå ein svingar av ved Mosvatnet har ein 250 høgdemeter føre seg, før ein kjem opp og kan sjå inn i Kyrkjesteindalen. Denne delen er nok den mest krevjande på tilbakevegen av det den går gjennom skog. Her er det ein fordel om ein har telemarksvingen innøvd – men frykt ikkje, skogen er ikkje tettare enn at det er mogleg å krysse fram og tilbake for dei som er mest glad i å renne i rette strekk.



Alt ligg til rette for ein fantastisk nedfart – med tunga rett i munnen!
 

Vel inne i Kyrkjesteindalen går det slakt oppover ein stund. Dalen strekkjer seg fleire kilometer innover, forbi Kykjesteinen mot Kyrkjesteinskaret. Ein vakker tur i seg sjølv, men dit skal ikkje me denne gongen. Me svingar skarpt til venstre etter 4-500 meter, og opp Nedre Reindalen. Her er det fiskebein eller feller som gjeld. Denne bakken brenn kaloriar fortare enn noko slags apparat du får tak i på TV-shop! Det er eit slit, men ta litt Kvikk Lunsj og gled deg til returen. Når det endeleg byrjar å flate ut, set du ny kurs rett sørover. Ein ny motbakke, men når du har forsert denne ser du målet for turen: Den mektige Snønuten! Nå kan du kjenne lukta av suksess, og saman med resten av Kvikk Lunsjen har du få nok energi til ein siste innsats mot toppunktet.



Hengjande over stavane og gispande etter pusten stig mektige Snønuten fram bak bakketoppen.
 


Vind, snø og kraftig kulde skapar fantastiske formasjonar for den som har auga med seg.

Utsikten frå toppen (1604 m.o.h.) er heilt utruleg – det må opplevast. Du står nå på den femte høgaste toppen i Rogaland, om ein reknar med ein primærfaktor på hundre meter. Majestetisk! Her er det kaldt og forblåst dei største delane av året – sjølv gjekk eg og sveitta i korterma skjorte i solsteiken nede i Kyrkjesteindalen – men her kjennest det som innvollane skal frysa til is etter kort tid, sjølv med tjukk ullgenser og anorakk. Ta deg likevel tid til å ikkje berre nyta utsikten, men også dei utruleg vakre detaljane i snøen og isen, skapt av kulde og vind.


Det er isande kaldt på toppen, men det fantastiske utsynet og tanken på nedfarten varmar godt.

 


Utsyn mot nord. Skodda kjem sigande inn frå havet i vest.

 


Ta deg ein pust i bakken i toppen av Nedre Reindalen, og lytt til fjellrypene som lokkar nede i Kyrkjesteindalen.

Nedfarten går i same sporet, men betrakteleg fortare. Klapp deg sjølv på skuldra og kos deg ekstra mykje i dei brattaste partia – dette har du fortent!

Familieturen

Turen til Snønuten er ikkje for dei minste. Som topptur er den relativt lett tilgjengeleg, men det er ein lang tur: 22 km tur/retur og 1200 høgdemeter stigning. Om turen til Snønuten er for krevjande, kvifor ikkje setje Mostølen som turens mål? Ta med barna, og dra gjerne fleire familiar saman. Ta med spader og ved, og bruk dagen til skileik og bålkos. Kakao laga over bålet smakar betre enn det meste! Turistforeninga si hytte står open for både dags- og overnattingsbesøk for dei som måtte ønskje det. Hugs: Påskefjellet er tilgjengeleg i meir enn påskeveka! Heile april og mai lokkar med fantastiske forhold i fjellet! God tur!

 

Søk

Avstemming

Hvem er den beste TV-villmarkingen?
 

Lik oss på Facebook:

Facebook Fanbox 1.5.x.0