Eit av dei mest dominerande fjella i landskapet når ein står i Sogndal og skuer ut over fjorden, er Storehaugen (1169 m.o.h.). Fjellet er enklast å bestige om ein kjører til Sogndal Lufthavn, Haukåsen, og følger anleggsvegen opp til toppen. 
Men for ekte patruljemenn blir det sjølvsagt alt for lett. Me valgte i stedet å padle omtrent 3,5km over fjorden, og gå rett opp frå Sogndalssida.
Vår tur var lagt til den kalde årstida, som fører til visse begrensningar. For det første må ein starte tidleg på dagen for å utnytte dagslyset. For det andre er det av sikkerhetshensyn lurt å padla langs land så langt ein kan. Dei siste 8-900 meterne valgte me derimot å krysse fjorden, for å unngå ein omveg på over fire kilometer inn i vika til Eide.
Me fant ingen sti direkte opp til toppen frå fjæresteinane, så me valgte å følga traktorvegen som går opp frå Meisterplass. Denne fortsetter til litt i underkant av 400 m.o.h., og her flater også terrenget ut samt skogen er ikkje så tett lenger. Av den grunn går det fint å peike seg ut ein rute på kartet og følge denne, utan å ta hensyn til sti.
På denne turen, som var i midten av desember, hadde ikkje bekkane frøse heilt igjen ennå. Fint fordi ein slipper å bera med seg alt vatnet heilt fra starten, men det gjer det vanskeligare å kryssa dei. Så veldig store er dei ikkje, men steinane kan vera glatte av is. Likevel, fotografen kom seg lett over. Jamie, britisk SAS-soldat valgte sjølvsagt den barskaste måten å løyse oppgaven på...

Landskapet i dette området er for det meste relativt åpen furuskog. Terrenget er lett å gå i, men går ein før snøen har lagt seg frå sjønivået, må ein bære skia eit stykke. Utsikten er desverre ikkje så god før ein kjem over tregrensa, men då er den derimot upåklagelig!
Turen opp til toppen hadde tatt eit par timer lenger enn me hadde rekna med, og me var allerede godt inne i skumringstimen. Planen var opprinneleg å gå tilbake samme veg, men me valgte i staden å stå på ski ned anleggsvegen, og spasere tilbake til Sogndal frå flyplassen. Dette valget tok me dels fordi det var mindre snø enn venta, men også fordi tanken på å spasere ned gjennom skogen i mørket med hodelykter og ski på ryggen ikkje var så fristande.
Utsikten frå toppen denne vinterkvelden var upåklageleg. Sjølv om Storehaugen ligg høgt, og relativt langt inne i landet, var det nok litt for tidleg å ta med skia. Me kunne ikkje ta dei på før me kom ut av skoggrensa på veg opp. Ned igjen fekk me derimot god bruk for dei, då store deler av nedfarten til flyplassen kunne rennast på ski.
Frå flyplassen spaserte me tilbake til Sogndal, ein tur på omtrent atten kilometer. God trening, men moralen er: Ha alltid med penger til bussen heim! :)
Tilbake til toppen